Vår historie
Liland ungdomslag ønsker å rette en stor takk til alle som gjennom årene har bidratt med frivillig innsats, engasjement og kunnskap for å bygge opp og ta vare på lagets historie. Mange har, på hver sin måte, vært med på å sikre at minner, fortellinger og lokal kultur har blitt dokumentert og videreført.
Den tidligere kulturnemnda i Liland ungdomslag har gjort et omfattende arbeid med å samle inn bilder, tekster og historisk materiale, som blant annet ligger til grunn for boken Fana og Ytrebygda i ord og bilder, som Liland ungdomslag eier rettighetene til.
Teksten nedenfor er gjengitt fra boken og er skrevet av Kjellaug Liland Olsen og Paul-Martin Kronheim:
Liland ungdomslag er eitt av dei eldste ungdomslaga i landet. Det vart skipa 22. november 1888. Før dette fanst det eit leselag i Ytrebygda, der aktiviteten gjekk frå gard til gard.
I 1888 var det militærøving på Liland. Mellom deltakarane var ein mann med namnet Tommas Stang, som fekk ideen om å starte eit ungdomslag. Det fanst ikkje andre ungdomslag i Fana på 1880-talet, men frå 1900 og fram til 1920 vart det skipa mange lag.
Liland ungdomslag nytta skulen til lagsarbeid fram til dei fekk eige lagshus. Lagshuset «Lidarvoll» stod ferdig i 1920. Den første formannen i laget var Anders Sletten, gardbrukar på Sletten. Han hadde tidlegare vore lærar ved glasverket på Flesland, som hadde eiga skule på 1870-talet.
Aktiviteten i laget var mellom anna teater, folkedans, idrett og korsong. Laget gav òg ut eige lagsblad med namnet «Symra». På 17. mai stod ungdomslaget for idrettsstemner fram til 1950.
Seinare vart idrettslaget «Gneist» skipa. Det gjekk ut av ungdomslaget og vart eige lag i 1945. Det same skjedde med Liland songlag på 1930-talet.
Under krigen i åra 1940–1945 var det ikkje aktivitet i laget. Tyskarane tok lagshuset og brukte det som motorsykkelverkstad.
Etter krigen kom det til både barnelag og ungdomsgrupper i laget. Frå lagshuset vart det, og blir det framleis, leigd ut lokale til ulike aktivitetar. Ungdomslagsarbeidet har gått i bølgjedalar. I 2002 var det Fana, Liland og Samdalen som hadde aktive lag.
Kulturnemnda i Liland ungdomslag vart skipa i 1975. Rundt 1984 tok nemnda til med å samle bilete frå det som tidlegare var Fana kommune. Samlinga omfattar no over 1600 bilete. Laget har tidlegare hatt utstillingar under kulturdagane i Fana og Ytrebygda, samt ved fleire institusjonar. Skular har òg nytta bileta i undervisninga. Dette arbeidet er ikkje lenger aktivt, då kulturnemnda i laget no er lagt ned.
Kulturnemnda meiner det er viktig å spreie kunnskap om den gamle kulturen til barn og unge på denne måten. Alt arbeid er gjort på frivillig basis, og eventuelle inntekter går tilbake til arbeidet i laget.
Forord fra boka
«Fana og Ytrebygda i ord og bilete» (2002)
Liland Ungdomslag har i snart 20 år samla inn bilete frå tidlegare Fana kommune. Vi har hatt ein del utstillingar med desse bileta, og folk som har sett dette har oppmoda oss om å laga bok.
Vi har tatt for oss bydelane Fana og Ytrebygda. Arbeidet har pågått dei siste to åra, og vi har hatt god hjelp med tekst til bileta frå folk rundt om på gardane, og frå andre lag og organisasjonar i bydelane.
Vi vil med dette nytta høvet til å takka for velvilje som er vist både frå unge og eldre i gamle Fana kommune. Rundt på gardane, på skular og institusjonar har vi møtt stor interesse og velvilje når vi har kome. Dei har stilt til disposisjon bilete som kan vera av interesse for folk i bygda, og det er dei som eig bileta som har fortalt kva vi ser.
Samlinga er i dag på ca. 1700 bilete, og over 700 av dei har kome inn desse to åra vi har halde på med boka. Så det er ein dugnad som mange i gamle Fana kommune har vore med på.
Utan deira hjelp hadde det ikkje blitt noka bok.
Liland Ungdomslag vil få takka alle for hjelpa, og håpar at det er ei bok vi alle kan vera byrge av.
Føremålet med boka er å ta vare på kulturen, og gje den unge generasjonen og innflyttarane våre eit innsyn i korleis det var i tidlegare tider.
Liland Ungdomslag – Kulturnemnda
v/ Kjellaug Liland Olsen, Vidar Flesland og Paul-Martin Kronheim
Vi har vår helt egen
Liland Ungdomslag etablerte sin egen kulturnemd som gjennom tidene har viet seg til å ivareta historien om Liland, Ytrebygda og Fana-området. Ved å aktivt samle inn fortellinger fra det lokale fellesskapet, både skriftlig og med fotografier, resulterte dette i produksjonen av en gripende bok samt en imponerende bildeutstilling. Disse bidrar begge til å hylle områdets dyptgående kulturarv og rike historie.